Jakt og fiske

Kilosaure i håven. Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.noSuldal kommune har særs gode jakt- og fiskemoglegheiter. Suldalslågen, Ulla og Hålandselva er fine lakseelver, fjellvatn er det bak nesten kvar ein stein, og vil du jakte ryper er det og fine terreng for dette. Bur du på Gullingen er det aldri langt til næraste fjellvatn, lakseelv eller rypeterreng!

 

Ein skal alltid vere forsiktig med å røpe dei gode fiskevatna men eit godt utgangspunkt kan vere det gamleordtaket om at ein ikkje treng å gå over bekken etter vatn... Det er fleire fine vatn i gangavstand frå hyttefelta. I Mosvatnet er det og godt med fisk, men den er litt småfallen. Det er fint å fiske frå kano i Mosvatnet. Kano får du leigd på Gullingen fjellstove. Bekken gjennom Stavastøldalen er forresten flott å fiske i med mark etter småaure. Perfekt for ivrige born (og vaksne)! Og sprøstekt småaure er det lite som slår.

Om du liker å fiske etter den store fjellauren, kan det vere lurt å ta nokre turar innover i Suldal statsalmenning i juli/ august. Området rundt Krossvatnet held fin fisk. Men det er ikkje den einaste staden...

Suldalsvatnet held skikkelig stor fisk for den som vil jakte den. Men det er ikkje lett, dorging frå båt er den mest effektive metoden. Suldalslågen har ein liten stamme med fin brunaure. Den kan du fiske frå 1. mai til laksefisket startar i juli. Vær merksam på at det blir oppfordra til å sleppe ut igjen den store fisken i Lågen då det ikkje er for mange av dei.

Laksefiske i Suldalslågen. Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.noSuldalslågen er og ei svært god lakseelv. Etter ein del magre år på nittitallet, har det vore godt fiske dei siste sesongane. Stor laks og flotte forhold for alle fiskemetoder gjer dette til ei svært interessant elv. Ein bør bestille kort på førehand. Eit godt utgangspunkt er Jone Moe sin sportsbutikk på Mo i Suldal. Jone sel fiskekort for fleire vald og han har god kunnskap om kva som skjer i Lågen til ei kvar tid. Geir på Sand sport er og eit godt utgangspunkt. Og sjølvsagt er og nettsidene til Suldalslågen ein god kilde. Her kan du følje laksen i laksetrappa og få oppdatert oppgangs- og fangstinformasjon. Fisketida etter laks er frå 20. juli til 30. september.

Når laksefiske nærmar seg slutten er det igjen tid for å tenke på fjellet. No er det rypejakta som står for tur. Det største terrenget er utan tvil Suldal statsalmenning. Kort der kjøpes på inatur.no . Ver merksam på at småviltjakt ikkje er tillatt i statsalmenninga før 1. oktober. Det vanlegaste viltet er fjellrype. Noko lirype og hare er det og. Jone Moe sel kort for nokre område. Elles er det fleire grunneigarar som sel jakt. Om du ønsker å jakte større vilt, er moglegheitene litt verre. Det meste av hjortejakta og så og seie all elgjakta brukes av grunneigarane sjølve. Men opplevingsfirmaet Eventus kan truleg hjelpe. Dei har guida jakt i lag med lokale jaktlag.

Rypejakt. Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.no