slide 1

Framifrå vakkert friluftsområde,
rikt på natur og kultur.

slide 2

Familievennleg og godt tilrettelagt
friluftsområde.

Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no

ÅSLIANE
- nye hyttetomter frå 2020 

Foto:Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Eit område for mange opplevingar, 
heile året.

Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.no

Kom til GULLINGEN
- eit skattkammer i Suldal

 

Nye utbyggingsområde og tomter

Her i Åsliane blir det byggeklare tomter i 2020 :-)


Planstatus

Arealbruken i Mosvatnet/Gullingenområdet er bestemt i reguleringsplanen for området, vedteken i Suldal kommunestyre 18.05.2010. Forutan eksisterande bygningar og nye innregulerte tomter slik det framgår av plankartet, omfattar reguleringsplanen også 4 nye byggeområde for fritidsbebyggelse og eit sentralt område ved Gullinghuset som er sett av til sentrumsfunksjonar og tyngre reiselivsanlegg. Utsnitt av planområdet ved Mosvatnet er vist til høgre. 

Byggeområda i planen skal ha godkjent detaljreguleringsplan før bygging kan starta. Første område med ferdig plan er område 4, Åsliane. Reguleringsplan blei godkjent i Suldal kommunestyre 13.12.2018.

Planområdet er inndelt i tre felt. I samråd med kartverket har kommunestyret bestemt namn og tildelt adresser. Delfeltet vest for Blåsjøvegen er navngitt Åsliane. Delfelt på nordsida av vegen er Øykjaholo, medan feltet lengst aust, vis a vis skisenteret, er Steinaslåtto. Planen omfattar også eit område avsett til mellomlager av gravemassar og område for uttak av stein til opparbeiding av byggegrunn og veier i arealet.

Byggjeløyve til terrenginngrep, infrastruktur og byggjemodning blei gjeve av Suldal kommune 10.10.2019.

Driftskonsesjon for uttak av steinmassar til opparbeiding av byggegrunn og teknisk infrastruktur blei tildelt frå Direktoratet for mineralforvaltning 19.11.2019.

>>> Se plandokument

Plankart for området


Åsliane - klart for sal i 2020

Grunn- og bygningsarbeid
Grunnarbeid skal utførast av lokale entreprenørfirma. Opparbeiding og byggjemodning av delfelt Åsliane skal setjast i gong først, og blir definert som byggetrinn 1. Tidspunkt for oppstart vil, litt avhengig av snøforhold, truleg bli i siste halvdel av april 2020. Arbeidet vil omfatta vegar, parkeringsareal, VA- nett, omlegging av høgspent frå luftstrekk til jordkabel, samt nettstasjon. Målsetjinga er at feltet kan vera ferdig opparbeidd, og klart for byggjefirma september 2020.

I medhald av kontrakt mellom Gullingen utviklingsselskap AS og Suldal hyttebygg AS skal sal av tomter og hytter i feltet skje gjennom Suldal hyttebygg AS. Eigedomsoverdraginga og oppgjer for tomta skal så skje direkte mellom tomtekjøpar og Gullingen utviklingsselskap AS.

Tomtene viser på plankartet og må innmålast på barmark, kanskje også etter utført grunnarbeid.

Prosjekterte hytter
Suldal Hyttebygg skal bygge ut Åsliane med sine Hedda og Hedvig hytter. Les mer her:
>>> http://www.suldal-hyttebygg.no
>>> Prosjektert Hedvig-hytta i Åsliane er nå å finne på Finn.no


Øykjaholo - byggjestart i 2021 

Grunnarbeid og opparbeiding vil truleg starta hausten 2020, men i det vesentlegaste bli utført i 2021. Hyttene i dette feltet vil få eigenutvikla arkitektonisk form og utførast av lokalt byggjefirma. Ideskisse for vidareutvikling er vist i illustrasjon nedafor. Byggestart i Øykjaholo er venta å bli 2021. Meir informasjon kjem så snart dette blir meir avklart.

Steinaslåtto - byggjestart i 2021

Steinaslåtto vil bli konsentrert utbygging med hytter som heng saman i kjede og garasje under solterasse mellom kvar eining, Det er lagt opp til tre kjeder med fem hytteeinangar i kvar kjede.

Bygging kan truleg starta 2021. Også her skal det utviklast eige design. Byggjefirma er heller ikkje avklart for dette feltet.

 

 

Eit særs vakkert område med stor opplevingsverdi

Mosvatnet og Gullingen. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no


Hopp i det. Frå Såtevatnet.  Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no- I helga skal eg og familien til Gullingen, seier Ola.
Og kor skal dei då? Ser me på kartet eller spør dei som har hatt tilhald i området i lengre tid, vil svaret vere at dei skal på topptur. Gullingen er nemleg 979 m.o.h., har eit fantastisk utsyn og er vel verdt turen. Mest sannsynleg skal dei likevel til området rundt Mosvatnet, under sjølve Gullingen. Det er dette landskapet som i dei seinare tiåra har blitt til Gullingenområdet eller berre Gullingen. Eit skattkammer i Suldal.

Området har vore nytta i lang tid. Steinaldermenneska jakta her, vikingane fann jernmalm og bonden har nytta utmarksbeite. I dag ber landskapet preg av ei blanding av gamalt stølslandskap og nyare hyttebygging.

Fjellbjørkeskog oppsplitta av opne myrer dominerer vegetasjonen. Tregrensa ligg på omlag 700 m.o.h. Hare, rev og røyskatt er alle vanlege. Elg blir stadig oftare å sjå. Og høgt oppe følgjer kongeørna med.

Området er godt tilrettelagt for eit variert friluftsliv, sommar og vinter. Dette kan du lese meir om under.

I det heile kan me seie at Gullingenområdet er eit særs vakkert, variert og interessant friluftsområde med stor opplevingsverdi, rikt på natur og kultur.